Lom stavkyrkje frå 1100-talet

Omvisning

 

Lom stavkyrkje er ei av dei største og vakraste og vakraste stavkyrkjene i Norge. Kyrkja vart bygd midt på 1100-talet, og har sidan vore hovudkyrkja i Lom. Kyrkja ligg i Lom, midt i Sør-Norge, like ved kommunesenteret Fossbergom. Her er det butikkar, apotek, vinmonopol og mange serverings- og overnattingsstader. I tillegg ligg Norsk Fjellmuseum, bygdamuseet i Presthaugen og Fossheim Steinsenter like ved. Regionen har eit stort og variert tilbod av aktivitetar og opplevingar. Ei omvising i Lom stavkyrkje er fint å kombinere med kaffe- eller lunsjstopp i Lom. Sidan dette er hovudkyrkja i Lom, og er ho ikkje noko museum. Kyrkja er brukt til messe, vigsel og gravferd. Det kan derfor skje at kyrkja er stengt nokre timar ved kyrkjelege seremoniar.

Det er lagt godt til rette med oppmerka parkeringsplassar for bussar på Kyrkjevollen rett fram for kyrkja, og offentlege toalett er tilgjengeleg like ved. Vi har alltid omvisarar på vakt som snakkar minst norsk og engelsk. Får vi bestilling på førehand, kan vi skaffe omvisarar på tysk, fransk og spansk. I tillegg har vi skriftleg informasjon på 15 ulike språk. Vi tek imot grupper elles i året så sant det blir bestilt på førehand (min. 2 dagar før ankomst).

 

På grunn av brannfare, ber vi om at de gjer gruppene merksame på at det ikkje er lov å røyke på kyrkjegarden eller inne i kyrkja.

 

 

Prisar:

Kr. 70.- for vaksne.

Kr. 55.- for grupper (min.10 pers. og at det vert betalt samla) , pensjonistar, studentar.

Barn under 15 år går gratis saman med foreldre/føresette.

Elles kr. 30.-.

Utanom vanleg opningstid er minstepris kr. 600.-

 

Vi tek atterhald om at prisane kan bli endra dersom det blir vedteke at det skal innførast moms på omvising/inngangsbillettar.

 

Opningstider 2017

Kyrkja er stengd for sesongen.

 

15. Mai – 11. Juni: Kl. 10 00 – 16 00

12 Juni – 20. August: Kl. 09 00 – 19 00

21. August – 03. September Kl. 09 00 – 17 00

04.September – 24. September: Kl. 10 00 – 16 00 var siste opningsdagen vår i sesongen

 

 

For bestilling eller meir informasjon, kontakt

telefon:48 16 55 27 eller

e-post:booking.lomstavechurch@lom.kommune.no

 

I opningstida kan omvisarane treffast på telefo.

OneWeb 2012 © Copyright. Utforming: Visus Foto: Jiri Dvorak