Både skip og kor i stavteknikk

Detalj frå nordportalen.

Treportalen frå middelalderen over0 døra mot sør.

Analyse av trevirket i den eldste delen viser at trea vart hogge vinteren 1157/-58. Både skipet og koret er bygd i stavteknikk og er avgrensa av ein stor hjørnestav i kvart hjørna. Kyrkja har eit heva midtrom der taket blir halde oppe av ei rad innvendige stavar (søyler). Desse stavane går frå golvet og heilt opp til taket. Opphavleg gjekk ein svalgang rundt heile kyrkja utvendig, men denne vart fjerna da kyrkja vart utvida midt på 1600-talet. Dei utskorne drakehovuda på taket er karakteristiske for kyrkja heilt frå starten.

 

Det øvste drakehovudet på austsida av kyrkja og mønekammen over koret er kopiar, laga i 1964, av dei opphavlege dekorasjonane frå middelalderen. Originalane, som er eineståande i sitt slag, kan ein sjå i Stavkyrkjeutstillinga i Lom.

 

Da som nå var Lom eit viktig knutepunkt mellom aust og vest. Lom stavkyrkje var ei travel kyrkje i middelalderen, og bygdefolket delte plassen med pilegrimane og anna ferdafolk som var på reise gjennom Lom. Prestgarden på Mo var den naturlege ferdmannskvila heilt til på slutten av 1800-talet da skysstasjonar og hotell overtok. Svartedauden i 1349 gjorde brått slutt på det travle middelalderlivet. Kyrkja sto uendra i nesten 300 år med nedgangstid og mangel både på menneskelege og økonomiske ressursar. Reformasjonen i 1537 førde ikkje til store endringar i kyrkjebygget, men altar, krusifiks og andre katolske symbol frå middelalderen vart fjerna.

 

På 1600-talet vart kyrkja for lita, og i 1608 kom den fyrste ombygginga. I koret vart det lagt ein flat himling, dekorert av ein ukjend kunstnar. Korskiljet vart òg endra til slik det er i dag, og tønnekvelven over korinngangen vart dekorert med blomar og bibelske tekstar. I 1634 vart det bygd eit lafta tilbygg mot vest. Tretti år seinare var kyrkja på nytt for lita. Ein del av kvar langvegg i stavteknikk vart teke ut og flytta bakover, og det vart bygd nye veggar i mellom desse slik at kyrkja fekk ein korsarm både mot sør og nord. Dei gamle utvendige portalane frå middelalderen vart flytta med, og desse kan ein i dag sjå på endeveggane av korsarmane. Ombygginga vart leidd av Werner Olsen, kjend kyrkjebyggjar frå Ringsaker, og han gav kyrkja sitt varemerke: Eit stort sentraltårn med høgt spir og fire småtårn rundt.

 

Lomskyrkja har ei stor samling måleri. Dei fleste er måla av Eggert Munch, presteson frå Vågå og fjern slektning av den seinare så berømte målaren Edvard Munch. I 1793 nådde akantus-utskjæringane Lom stavkyrkje. Jakup Sæterdalen frå Lia i Lom skar nye felt med akantus som vart lagt utanpå dei måla flatene på renessansepreikestolen frå 1669, slik at han fekk den rike barokkutsmykkinga vi ser i dag. Han skar òg baldakinen over preikestolen og ein ny korboge over inngangen til koret.

OneWeb 2012 © Copyright. Utforming: Visus Foto: Jiri Dvorak