Open kvar dag i sommarsesongen

Lom stavkyrkje er open kvar dag i sommarsesongen. Vi tek imot grupper ellers i året ved bestilling på førehand (min 2 dagar før ankomst. Det er lagt godt til rette med oppmerka parkeringsplassar for bussar på Kyrkjevollen rett fram for kyrkja, og offentlege toalett er tilgjengeleg like ved. Vi har alltid omvisarar på vakt som snakkar minst norsk og engelsk. Får vi bestilling på førehand, kan vi skaffe omvisarar på tysk, fransk og spansk. I tillegg har vi skriftleg informasjon på 15 ulike språk.

 

Vi tek imot grupper elles i året så sant det blir bestilt på førehand (min. 2 dagar før ankomst). På grunn av brannfare, ber vi om at de gjer gruppene merksame på at det ikkje er lov å røyke på kyrkjegarden eller inne i kyrkja.

Prisar:

Kr. 70.- for vaksne. Kr. 55.- for grupper (min.10 pers.og at betaling vert gjort samla, elles pris som enkeltpers.)), pensjonistar, studentar. Barn under 15 år går gratis saman med foreldre/føresette. Elles kr. 30.-

Utanom vanleg opningstid er minstepris kr.600.-

 

Vi tek atterhald om at prisane kan bli endra dersom det blir vedteke at det skal innførast moms på omvising/inngangsbillettar.

 

Opningstider 2017

Kyrkja er open kvar dag i sommarsesongen:

15.Mai - 11 . Juni: Kl. 10 00 – 16 00

12.Juni - 20. August: Kl. 09 00 – 19 00

21. August – 03.September: Kl. 09 00 – 17 00

04.September – 24. September: Kl. 10 00 – 16 00

 

For bestilling eller meir informasjon, kontakt

telefon: 970 75 397 eller

e-post: booking.lomstavechurch@lom.kommune.no

 

I opningstida kan omvisarane treffast på telefon 970 75 397.

OneWeb 2012 © Copyright. Utforming: Visus Foto: Jiri Dvorak