Lom Stavkyrkje – av dei største og eldste

Velkomen til Lom stavkyrkje, ei av dei største og eldste stavkyrkjene i Noreg. Kyrkja vart bygd midt på 1100-talet og har sidan vore hovudkyrkja i Lom. Kyrkja er open kvar dag i sommarsesongen, og vi tek imot grupper elles i året ved bestilling på førehand.
Taket på Lom Stavirke

Om Lomskyrkja

Lom stavkyrkje er ei imponerande kyrkje med ein rik historie. Bygd midt på 1100-talet, vart ho brukt av både bygdefolket og reisande, og var eit viktig knutepunkt mellom aust og vest. Kyrkja er bygd i stavteknikk og har eit heva midtrom som blir halde oppe av ein rad innvendige stavar (søyler). Dei utskorne drakehovuda på taket er karakteristiske for kyrkja heilt frå starten, og det øvste drakehovudet på austsida av kyrkja og mønekammen over koret er kopiar, laga i 1964, av dei opphavlege dekorasjonane frå middelalderen.