Lom stavkyrkje frå 1100-talet
Lom stavkyrkje er ei av dei største og vakraste stavkyrkjene i Noreg. Kyrkja vart bygd midt på 1100-talet, og har sidan vore hovudkyrkja i Lom. Kyrkja ligg i Lom, midt i Sør-Norge, like ved kommunesenteret Fossbergom. Her er det butikkar, apotek, vinmonopol og mange serverings- og overnattingsstader. I tillegg ligg Norsk Fjellmuseum, bygdamuseet i Presthaugen og Fossheim Steinsenter like ved. Regionen har eit stort og variert tilbod av aktivitetar og opplevingar. Ei omvising i Lom stavkyrkje er fint å kombinere med kaffe- eller lunsjstopp i Lom. Sidan dette er hovudkyrkja i Lom er ho ikkje noko museum. Kyrkja er brukt til messe, vigsel og gravferd. Det kan derfor skje at kyrkja er stengt nokre timar ved kyrkjelege seremoniar.
Det er lagt godt til rette med oppmerka parkeringsplassar for bussar på kyrkjevollen rett framom kyrkja, og offentlege toalett er tilgjengeleg rett over brua. Vi har alltid omvisarar på vakt som snakkar minst norsk og engelsk. Får vi bestilling på førehand, kan vi skaffe omvisarar på tysk. I tillegg har vi skriftleg informasjon på 15 ulike språk. Vi tek imot grupper elles i året så sant det blir bestilt på førehand (min. 2 dagar før ankomst).
På grunn av brannfare, ber vi om at de gjer gruppene merksame på at det ikkje er lov å røyke på kyrkjegarden eller inne i kyrkja.
Prisar:
Kr. 100.- for vaksne.
Kr. 80.- for grupper (min.10 pers. og at det vert betalt samla)
Kr. 60,- pensjonistar og studentar.
Barn under 15 år går gratis saman med føresette.
Elles kr. 40.-.
Utanom vanleg opningstid er minstepris kr. 600.-
Opningstider 2023
1. juni - 20. juni 10:00-16:00
21.juni - 14. august 10:00-19:00
15.august - 25. sept 10:00-16:00
Med atterhald om endringar.
Telefon til omvisarane i opningstida 970 75 397
For bestilling eller meir informasjon, kontakt
telefon: 48 16 55 27 (måndag-fredag)
e-post:booking.lomstavechurch@lom.kommune.no
Er bemanna kun vekedagar.