Open kvar dag i sommarsesongen


Lom stavkyrkje er open kvar dag i sommarsesongen. Vi tek imot grupper ellers i året ved bestilling på førehand. Minimun 2 dagar før ankomst og med atterhald at vi kan skaffe omvisar. Det er lagt godt til rette med oppmerka parkeringsplassar for bussar på kyrkjevollen rett framom kyrkja, og offentlege toalett er tilgjengeleg rett over brua. Vi har alltid omvisarar på vakt som snakkar minst norsk og engelsk. Får vi bestilling på førehand, kan vi skaffe omvisarar på tysk. I tillegg har vi skriftleg informasjon på 15 ulike språk.


Grunna brannfare, ber vi om at de gjer gruppene merksame på at det ikkje er lov å røyke på kyrkjegarden eller inne i kyrkja.

Prisar: 


Kr. 90.- for vaksne. 

Kr. 60.- for grupper (min.10 pers. og at det vert betalt samla)

Kr. 60,- pensjonistar og studentar.

Barn under 15 år går gratis saman med føresette.

Barn elles kr. 40.-.

Utanom vanleg opningstid er minstepris kr. 600.-



Opningstider 2021


19.juni - 16. august             09:00 – 19:00

17. august – 15. september  11:00 – 17:00


Vi tek atterhald om endringar.


Telefon til omvisarane i opningstida 970 75 397


For bestilling eller meir informasjon, kontakt

telefon: 481 65 528 (tysdag og fredag)

e-post: booking.lomstavechurch@lom.kommune.no

(Bemanna kun vekedagar)